New Mindfulness Courses 2016

Courses in Norwegian:

DAGSKURS I MINDFULNESS OG OPPMERKSOMHETSTRENING (OT)
– stressmestring i praksis –

Neste to kurs:

Tid: Laurdag 27. februar og laurdag 12. mars 2016 kl. 10 – 17 (Ein kursdag)
Stad: Berlihuset, Kyrkjevegen 67, 6230 Sykkylven
Kurshaldar: Hanne Suorza
Pris: 1390,- inkludert varm lunsj, kaffe og te
Nyttig for alle.

kurs3

Velkommen!

I vakre omgivnadar senker vi skuldrane og fyller på med inspirerande læring. Målet er at du skal få kunnskap og tips til å integrere mindfulness i eige liv.

Mindfulness er enkelt og nyttig, men krev eigeninnsats. Du vil lære praktiske øvelsar som kan gi deg bedre livskvalitet, helse og overskot i ein travel kvardag.

Gjennom oppmerksomhetstrening vil vi øve på å vere meir til stades her og no, og ikkje i fortida eller framtida slik vi ofte er. Det er bra for stress, konsentrasjon og humør.

I roleg tempo tar vi turen ut i naturen, som ventar på vår oppmerksomhet.

Du vil bli bevisst korleis stress påverkar kroppen og inspirert til å ta valg som gir meir ro og glede.

På programmet:
– Om mindfulness og stress
– Kvifor vere her og no
– Pust
– Oppmerksomhetstrening, inne og ute
– Nærvær i naturen
– Tips i ein travel kvardag

berlihuset1

Klikk her for påmelding!

Stressmestring i praksis
Kurset er basert på mine erfaringar. Sidan 2011 har eg teke del på fleire mindfulness- og meditasjonskurs, både som deltakar og observatør. Til dagleg arbeider eg med kommunikasjonsrådgiving, og har halde foredrag for næringslivet om temaet mindfulness og stressmestring.

Ved å systematisk integrere oppmerksomhetstrening i kvardagen, har eg blitt kvitt kronisk migrene. Eg kjenner meg meir glad, sterk og konsentrert, mindre stressa.

Når det er sagt, så er eg også stressa no og då, slik som alle andre. Enkelte dagar er det hektisk i hovudet. Tankane rasar av garde med gjeremål og indre, kritiske samtalar. Det påverkar humøret og kan gi ein stressreaksjon.

Men takka vere bevisst oppmerksomhet og meditasjon, kan eg i større grad velje kor mykje tid eg ønskjer å bruke på dei ulike tankane og følelsane. Når eg legg merke til tankane, kan eg bevisst la dei flyte forbi – som ei elv – før eg flyttar oppmerksomheten min tilbake til her og no. Å trene på dette gir ro.

Forskning viser at mindfulness er bra for helse og velvære, fokus, relasjonar, smerter og humør. I USA har bedrifter som Google, Apple, Nike og Huffington Post oppdaga dette for lengst, og tilbyr dei tilsette kurs. Det samme gjeld for sjukehus, skular og næringsliv.

Som med all anna trening, må du øve og vere tolmodig. Det kan vere utfordrande i starten, men det blir enklare.

Velkommen til ein dag med inspirasjon, ny kunnskap, natur, god mat og ro.

Påmelding
Bindande påmelding her. Du får tilsendt bekreftelse og faktura per e-post. Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller ein prat. Ta med gode turklede. Vi skal ikkje gå bratt eller langt.

Dersom datoane ikkje passar, så håper eg du vil ta kontakt likevel. Nye kurs vil bli sett opp.

NB! Eg held også kurs eller foredrag på dag- eller kveldstid for skule, helse- og omsorg, næringsliv eller andre lag og organisasjonar, der det skulle passe.

Moments of Non-Doing

In the city:

alesund16

I´m in a busy mode of thinking and planning, as I sit down by the water.

alesund3

Reminding myself that in any moment I can stop and listen. Noticing the rhythms of life within and outside my body.

Being here, instead of not being here.

alesund8

Observing my thoughts as they come, as they dissolve.

alesund24

Giving rise for stillness.

alesund41 2

Knowing how it is affecting me.

 City of Ålesund/ Norway, January 2016

Happy New Year!