For ni månader sidan blei eg mamma for første gang. Etter å ha meditert og halde mindfulnesskurs i fleire år, har denne opplevinga gitt meg mange nye aha-opplevingar. Eg lærer mykje av lille Johan.

Det å bli mamma er ei stor livsendring. Over natta skal du ta vare på ein baby 24/7, tilpasse deg familieliv og mindre søvn, mindre fritid. Eg har fått mange spørsmål frå andre mødrer: – No finn du vel ikkje tid til meditasjon, seier dei. Men alle augeblikk er egna til mindfulness. Alle augeblikk kan få meir merksemd. Du må berre vite korleis du kjem i gang. Og ikkje minst: Bestemme deg for å gjere det!

Å gå gravid og bli mamma er ei unik tid til å begynne å praktisere mindfulness. Mindfulness handlar om å vere til stades her og no – gjennom kropp, pust og sansar. Det å bli mamma; å sjå korleis Johan som nyfødt brukte sansane sine har vore ei spesiell aha-oppleving for meg. Frå første augeblikk då han snusa og smakte på puppen, var sansane i bruk. Det var som han rulla ansiktet sitt i mjølk. På tur i skogen ligg han i vogna med store auge. Han opplever snø og frost, sol og sludd for første gang, utan å dømme det som fint eller stygt, bra eller dårleg. No vil han gjerne ta på alt. Først stryke, så skrape, så klype. Med den største nysgjerrigheit og begeistring smakar, luktar og lyttar han. I dag oppdaga han sola som kasta skuggar på kjøkkenveggen. Vi smilte begge to.

Sansane er lett tilgjengelege for oss alle. Dei er til og med medfødt. Etterkvart blir vi ”gode” tenkarar. Men kva skjer eigentleg med sansane på vegen? Dei som gjer at vi kan vere her og no, og ikkje så opptatt med bekymring og grubling?

Som mindfulness-coach har eg no fletta inn nye erfaringar i kursa eg held, og opplever at mindfulness fangar interessa hos mange foreldre. Eg oppfordrar dei til å vere oppmerksame på lydbildet. Kjenne pusten. Leve meir sanseleg.

Her er nokre av mine mindfulness-erfaringar og tips:

  • Observer barnet. Sjå på bein, armar, ansikt, hud og hår. Lukt, sjå og stryk.
  • Start alltid dagen med å kjenne pusten din. Sjølv med ein aktiv krabat ved sidan av deg finn du tid til det, om du vil. Å kjenne pusten set av tonen for resten av dagen, og blir snart ein fin vane.
  • Ver til stades når du ammar. Legg vekk telefonen, TV, instagram og snapchat. (Sjølvsagt? Nei, eg har sett mange med ein fascinerande amme-teknikk der telefonen og blikket er plassert i eine handa…!)
  • Gå tur. Kjenn beina dine, legg merke til omgjevnadane… og den lille i vogna.
  • Registrer dine eigne kjensler. At du kan vere både frustrert, glad og utolmodig. Pust. Aksepter. Ha ei venleg haldning ovanfor deg sjølv og den lille.

Eg opplever at dette gir ro. At det er nyttig. Og at det er enkelt, men ikkje alltid lett.

Hjelp på vegen finn du i appen Mestre. Den har eg utvikla i samarbeid med psykiater Bjarte Stubhaug. Mestre inneheld pustemeditasjonar på 5- 30 minutt, samt mange gode øvingar om tema som balanse, jobbstress, bekymring, forventningar, angst og søvn. Du får også nyttige foredrag, film og lyd. Mestre er meir som ei bok i appform. Den er fin og nyttig for deg som ønsker å lære og praktisere mindfulness, med eller utan barn. Sjå meir på stressmestre.no.

Lykke til!