KURS I MINDFULNESS/ ÅLESUND
– stressmestring i praksis –

alesundkurs1

Tid: Tirsdag 1. november kl. 10–17
Stad: Room4, Tollbugata 8, 6002 Ålesund
Kurshaldar: Hanne Suorza

Velkommen!

I dei fine og nyoppussa lokala til Room4 i Ålesund senker vi skuldrane og fyller på med inspirerande læring. Målet er at du skal få kunnskap og tips til å integrere mindfulness i eige liv.

Mindfulness er enkelt og nyttig, men krev eigeninnsats. Du vil lære praktiske øvelsar som kan gi deg bedre livskvalitet, helse og overskot i ein travel kvardag. Gjennom oppmerksomhetstrening vil vi øve på å vere meir til stades her og no, og ikkje i fortida eller framtida slik vi ofte er. Det er bra for konsentrasjon og humør.

Du vil bli bevisst korleis stress påverkar kroppen og inspirert til å ta valg som gir meir ro og glede.

På programmet:
– Om mindfulness og stress
– Kvifor vere her og no
– Pust
– Oppmerksomhetstrening
– Tips i ein hektisk kvardag

Klikk her for påmelding. Og her for å lese kva tidlegare deltakarar seier om kurset.

room4

Stressmestring i praksis
Kurset er basert på mine erfaringar. Sidan 2011 har eg teke del på fleire mindfulness- og meditasjonskurs, både som deltakar og observatør. Til dagleg arbeider eg med kommunikasjonsrådgiving og som kurshaldar i mindfulness, både for privat personar og næringsliv.

Ved å systematisk integrere oppmerksomhetstrening i kvardagen har eg blitt kvitt kronisk migrene. Eg kjenner meg meir glad, sterk og konsentrert, mindre stressa. Når det er sagt, så er eg også stressa no og då, slik som alle andre. Enkelte dagar er det hektisk i hovudet. Tankane rasar av garde med gjeremål og indre, kritiske samtalar. Det påverkar humøret og kan gi ein stressreaksjon.

Men takka vere bevisst oppmerksomhet og meditasjon, kan eg i større grad velje kor mykje tid eg ønskjer å bruke på dei ulike tankane og følelsane. Når eg legg merke til tankane, kan eg bevisst la dei flyte forbi – som ei elv – før eg flyttar oppmerksomheten min tilbake til her og no. Å trene på dette gir ro.

Forskning viser at mindfulness er bra for helse og velvære, fokus, relasjonar, smerter og humør. I USA har bedrifter som Google, Apple, Nike og Huffington Post oppdaga dette for lengst, og tilbyr dei tilsette kurs. Det samme gjeld for sjukehus, skular og næringsliv.

Som med all anna trening, må du øve og vere tolmodig. Det kan vere utfordrande i starten, men det blir enklare.

Påmelding
Bindande påmelding her. Du får tilsendt bekreftelse og faktura per e-post. Ta gjerne kontakt for meir informasjon eller ein prat.

Velkommen!

sostrene_fryd