Hei.

Mitt navn er Hanne Suorza. Eg er mindfulness instruktør, skribent og kommunikasjonrådgivar.

Sidan 2011 har eg teke del på fleire mindfulness- og meditasjonskurs, både som deltakar og observatør. Mi erfaring er at mindfulness gir indre ro, bedre konsentrasjon og helse. Eg er spesielt interessert i korleis mindfulness styrker evna til å sortere tankar.

Dei siste åra har eg arbeida med å formidle dette gjennom tekst og bilder, foredrag og kurs – både i Sykkylven her eg bur og ellers i landet. Kurs og foredrag er basert på mine erfaringar. Ved å systematisk integrere oppmerksomhetstrening i kvardagen, har eg blitt kvitt kronisk migrene. Eg kjenner meg meir glad og fokusert, mindre stressa.

Når det er sagt, så er eg også stressa no og då, slik som alle andre. Enkelte dagar er det hektisk i hovudet. Tankane rasar av garde med gjeremål og indre, kritiske samtalar. Det påverkar humøret og kan gi ein stressreaksjon. Men takka vere bevisst oppmerksomhet og meditasjon, kan eg i større grad velje kor mykje tid eg ønskjer å bruke på dei ulike tankane og følelsane. Når eg legg merke til tankane, kan eg bevisst la dei flyte forbi – som ei elv – før eg flyttar oppmerksomheten min tilbake til her og no. Å trene på dette gir ro.

Eg deler denne erfaringa med mennesker over heile verda. Forskning viser at mindfulness er bra for fokus, relasjonar, smerter og humør. I USA har bedrifter som Google, Apple, Nike og Huffington Post oppdaga dette for lengst, og tilbyr dei tilsette kurs. Det samme gjeld for sjukehus, skular og næringsliv.

Som med all anna trening, må du øve og vere tolmodig. Det kan vere utfordrande i starten. Men det blir enklare.

I tillegg til mindfulness, er eg også svært interessert i friluftsliv og trening. Nærvær i naturen og helse går hand i hand. Dette er sjølvsagt ein viktig del av kursa eg held – som du kan lese meir om her.

Velkommen skal du vere!