Reportasje i Nytt i Uka

nyttiuka_web1

 

Nytt i Uka har i dag ei fin reportasje om workshopen i Sykkylven 16. – 18. september, som eg skal halde saman med lege og fotograf Torkil Færø. For å lese teksten kan du klikke på bildet over, eller på denne lenka og bla til side 22.

Kursprogram og påmelding her.

Workshopen er for alle.
Grip sjansen og meld deg på. Det blir fine dagar!
Velkommen.

hannesuorza_torkilfærø_web

 

Workshop: mindfulness + fotografi


I samarbeid med lege og fotograf Torkil Færø, ønsker eg velkommen til workshop i mindfulness og fotografi på Berlihuset i Sykkylven 16. – 18. september 2016. 

Torkil Færø har 17 års erfaring som lege og har halde over 30 fotokurs i ni land, der skaparglede og livsmestring står i fokus. Denne helga har du ein flott sjanse til å lære mindfulness, og samtidig bli ein betre fotograf!

Du vil lære positive og konkrete mestringsverktøy som også kan gi deg eit rikare liv. Teknikkane som vi bruker for å ta gode bilder lar seg ofte overføre til dagleglivets utfordringar.

berli1

Fotografering fremmar mange positive kvalitetar. Nokre eksempel på dette er leik, tilstedeværelse, handlekraft, kreativitet og takknemlighet. Desse dagane skal vi bruke kameraet til å fokusere på dei nære, landlege omgivnadane – og erfare korleis fotografering og mindfulness kan bidra til å komponere livet ditt bedre.

Mindfulness, også kalt oppmerksomt nærvær, er ein anerkjend metode som reduserer stress og aukar evna til å vere oppmerksamt tilstades i eige liv. Det gir klarheit, auka sjølvinnsikt og emosjonell intelligens.

The moment in between what you once were, and who you are now becoming, is where the dance of life really takes place – Barbara de Angelis

“Eg har ikkje vore på workshop før. Kan dette vere noko for meg, da?” tenker du kanskje. Dersom du kan svare ja på fleire av desse spørsmåla, er dette ein workshop for deg:

  • Føler du at du vil ha meir ut av livet?
  • Ønsker du å redusere bekymringar og negative tankar?
  • Treng du meir mot til å følge drømmane dine?
  • Vil du bli flinkare til å gripe fatt i moglegheiter?
  • Har du eit kamera du vil bli kjent med?

Bli med og få mot til å utforske kreativiteten du har i deg! Du treng ingen forkunnskapar om fotografering eller mindfulness for å ha glede av denne workshopen. Kom som du er med det utstyret du har.

DEN PRAKTISKE GJENNOMFØRINGA AV FOTODELEN

Den første kvelden går vi i fellesskap gjennom bilda du har teke med: 15 bilder printa i A4 størrelse. Dette er viktig fordi det seier noko om kven du er og kva du finn interessant å rette blikket mot. Gjennomgangen er svært nyttig for Torkil når han skal veilede deg vidare under workshopen, og det er også ein fin måte å bli kjent med kvarandre på.

Ta med bilder som representerar ditt fotografiske nivå og som du ønsker tilbakemelding på. Og til deg som får frysningar berre av tanken på å vise bilda dine til andre kan ta det heilt med ro – dette er ingen konkurranse. Vi held ei uformell og trygg atmosfære der målet er at kvar og ein skal reise heim med ny og matnyttig lærdom. Vi går gjennom bilda du har teke den aktuelle dagen. Vår erfaring er at det er svært nyttig å følge kvarandre sine prosessar. Vi lærer av kvarandre.

DEN PRAKTISKE GJENNOMFØRINGA AV MINDFULNESSDELEN

Den første dagen går vi gjennom teorien bak mindfulness – oppmerksomt nærvær. Kvar dag vil vi gjere praktiske øvingar for å oppdage og erfare kva som skjer i oss til ei kvar tid. Tema vil mellom anna vere: Å sjå – persepsjon, tankar, kropp og følelsar. Pust og sanseopplevingar. Dei praktiske øvingane vil vere ulike guida meditasjonar, kroppskanning og øvingar du tar med deg ut i felten.

OM WORKSHOPHALDARANE

Torkil Færø (f.1969) har jobba som allmennlege i 17 år som fastlege, legevaktslege og i barne- og ungdompsykiatrien. Han har halde over 30 fotokurs i ni land og er opptatt av å bruke kameraet som instrument for å vere nysgjerrig og meir tilstades. Han er spesielt fokusert på at du skal finne din unike veg ved å identifisere styrkar du kan bygge vidare på. Les meir på kairosworkshops.no

Hanne Suorza (f. 1979) er mindfulness instruktør, skribent og kommunikasjonsrådgjevar. Dei siste åra har ho arbeida med å formidle mindfulness gjennom tekst og foto, foredrag og kurs – både i Sykkylven der ho bur og ellers i landet. Ho deler si personlege historie, kunnskap og gode tips om korleis mindfulness kan gi deg bedre helse, konsentrasjon og glede. Les meir på hannesuorza.no

BERLIHUSET I SYKKYLVEN

Vi held til i tredje etasje i ærverdige Berlihuset i sentrum av Sykkylven. Her skal vi ha foredrag, bildegjennomgangar, fine meditasjonar og gode måltid. Du kan sitte her og arbeide på laptopen om du vil. Huset har også ein eigen hage, som ligg vakkert til ved fjell og fjord.

To me, photography is an art of observation. It’s about finding something interesting in an ordinary place… I’ve found it has little to do with the things you see and everything to do with the way you see them. – Elliott Erwitt, fotograf


DAGSPLAN (med forbehold om endringer):

Fredag:
Oppmøte kl 17
Foredrag ved Torkil og Hanne

Gjennomgang av medbrakte bilde

Laurdag:
Morgonfotografering

12: Foredrag om fotografi og mestringsteknikkar ved Torkil
13: Gjennomgang av dagens foto
15: Måltid
16: Mindfulness/Oppmerksomt nærvær ved Hanne

Vi avsluttar kl 19

Søndag:
Morgonfotografering

12: Foredrag om fotografi og mestringsteknikkar ved Torkil
13: Gjennomgang av dagens foto
15: Måltid
16: Mindfulness/oppmerksomt nærvær ved Hanne

Vi avsluttar kl 19

*Kva slags utstyr treng du?
Du treng ikkje avansert kamerautstyr. Ta med kamera sjølv om du berre har ein iPhone. Det viktigaste er innhaldet i bilda, ikkje teknikken. Om du vil kan du sjølvsagt ta med ein laptop for å jobbe meir med bilda dine. Ta også med ein minnepinne slik at du får overført bilda til Torkil si maskin.

*Kva slags klede skal du ta med?
Vanlege klede, men ta med støvlar eller vanntette sko som tåler å bli skitne. Det kan vere greit med eit skjerf og ei ulltrøye. Vindtett jakke, varme sokkar eller innesko er også lurt.

When words become unclear, I shall focus with photographs. When images become inadequate, I shall be content with silence. – Ansel Adams, fotograf

PRIS: 2990,-
Inkludert i prisen er foredrag, undervisning, bildegjennomgangar, personleg oppfølging og måltid laurdag og søndag. Kaffe og te er også inkludert, men ta gjerne med ei matpakke som mellommåltid.

NB: Kun 10 plassar.

PÅMELDING
Meld deg på ved å sende ein epost til hannesuorza@gmail.com
Oppgi ditt fulle navn, adresse og telefonnummer.
Bindande påmelding.

Velkommen til ein workshop der vi med kamera som verktøy skal øve på å vere tilstades og gripe øyeblikket!

Helsing Torkil Færø og Hanne Suorza

berli