God Morgen Norge

Dagens tema @TV2: jul, stress, nettbruk og tilstedeværelse.

– Det er sunt. Det er bra for helsa å ikkje vere ”på” heile tida, sa eg. Og i jula skal eg logge av. Om ikkje kvar dag, så i alle fall ha eit svært bevisst forhold til telefon og skrolling. Er du med?

Tilstedeværelse kan vi øve på. Det kan vi gjere ved å vere oppmerksom på det som er her og no. Pusten, kroppen, tankane, sansane. På spørsmål om å dele tips og råd, svarte eg:

– Sjå deg rundt. Bestem deg for å lytte til dei du er saman med. Smake litt ekstra på juleribba, ta inn lukta av jul. Leik litt lengre med barna. Øv på å sleppe tak i i bekymring, jobb… eller dragning til å sjekke telefonen.

Fokus og det å logge på/  logge av – er også tema i appen Mestre, som eg har utvikla i samarbeid med psykiater Bjarte Stubhaug. Der finn du nyttig kunnskap og mange gode øvingar som er glimrande å lytte til no i jula. Dei går spesifikt på tema som konsentrasjon, forventningstress, jobbstress, sorg, angst og søvn… 23 øvingar til saman har det blitt! Tilstedeværelse og mindfulness er ein rød tråd i Mestre!

Les meir om Mestre her
Klikk på denne lenka for å sjå dagens intervju
Eg er på Instagram her

Og med dette ønsker eg deg ei riktig god jul!

Alt godt,
Hanne

TV2: God Morgen Norge

Hei! I morgon tidleg er eg gjest hos God Morgen Norge på TV2. Tema er jul og stressmestring – live on air ca 0740!

Ellers håper eg at du har ei fin førjulstid!
Dersom du ikkje er ferdig med julegavene, så får du eit aldri så fint og nyttig gavetips av meg her: For kanskje kan appen Mestre bety noko for nokon du bryr deg om? Den kostar 249,- og du finn den ved å klikke på denne lenka. For å gi appen i julegave: Søk opp Mestre i appstore, trykk på deleknappen øverst til høyre, velg gi som gave og følg instruksjonen.

Mestre inneheld nyttig kunnskap om kropp og sinn – og ikkje minst 23 fine øvingar om tema som angst, balanse, bekymring, jobbstress, konsentrasjon, meditasjon natur, panikkangst, rive seg laus frå bekymring, smerte, sorg, søvn, stressmestring, uoppfylte forventningar, utmattelse, regulere tankar, fokus, tålmodighet, depresjon og negative tankar. Med andre ord: Noko for ein kvar smak og utfordring! – Eg håper den vil glede!