Sykkylvsbladet + Ingefær SHOT

Tidlegare denne veka fekk eg besøk av journalist Monica Fallingen Aure i Sykkylvsbladet. Ho tok dette bildet og putta det på framsida:

Foto: Monica Aure Fallingen/ Sykkylvsbladet

 Lokalavisa skriv fint om appen Mestre, om foredrag og kurs, om grunderlivet og mammalivet slik eg opplever det.

Klikk på bildet og zoom for større tekst.

Sjekk også ut Ingefær podcast si faste torsdagsspalte Ingefær SHOT. Der får du mine helsestips og boktips etc. Intervjuet på 50 min kan du høyre her.

Det har vore ei artig og utfordrande veke som også har inkludert foredrag, jobb og tur til Oslo. No blir det godt med helg!

Husk: Bruk sansane. Dei tar deg alltid til øyeblikket no. Det gir ro.

Gjest hos Ingefær podcast

Denne veka er eg gjest hos Norges største helse- og livsstilspodcast Ingefær:

I eit ca 50 min uredigert intervju snakkar eg med programleder Sara Lossius om mindfulness og meditasjon – om stressmestring og tilstedeværelse – om sju år med smerter som slapp taket – og om å vere grunder av appen Mestre!

Sjå kva Sara skriv om dette på saralossius.no 
Du kan høyre episoden i iTunes, Acast eller ei ein podcast-app.

God Morgen Norge

Dagens tema @TV2: jul, stress, nettbruk og tilstedeværelse.

– Det er sunt. Det er bra for helsa å ikkje vere ”på” heile tida, sa eg. Og i jula skal eg logge av. Om ikkje kvar dag, så i alle fall ha eit svært bevisst forhold til telefon og skrolling. Er du med?

Tilstedeværelse kan vi øve på. Det kan vi gjere ved å vere oppmerksom på det som er her og no. Pusten, kroppen, tankane, sansane. På spørsmål om å dele tips og råd, svarte eg:

– Sjå deg rundt. Bestem deg for å lytte til dei du er saman med. Smake litt ekstra på juleribba, ta inn lukta av jul. Leik litt lengre med barna. Øv på å sleppe tak i i bekymring, jobb… eller dragning til å sjekke telefonen.

Fokus og det å logge på/  logge av – er også tema i appen Mestre, som eg har utvikla i samarbeid med psykiater Bjarte Stubhaug. Der finn du nyttig kunnskap og mange gode øvingar som er glimrande å lytte til no i jula. Dei går spesifikt på tema som konsentrasjon, forventningstress, jobbstress, sorg, angst og søvn… 23 øvingar til saman har det blitt! Tilstedeværelse og mindfulness er ein rød tråd i Mestre!

Les meir om Mestre her
Klikk på denne lenka for å sjå dagens intervju
Eg er på Instagram her

Og med dette ønsker eg deg ei riktig god jul!

Alt godt,
Hanne

TV2: God Morgen Norge

Hei! I morgon tidleg er eg gjest hos God Morgen Norge på TV2. Tema er jul og stressmestring – live on air ca 0740!

Ellers håper eg at du har ei fin førjulstid!
Dersom du ikkje er ferdig med julegavene, så får du eit aldri så fint og nyttig gavetips av meg her: For kanskje kan appen Mestre bety noko for nokon du bryr deg om? Den kostar 249,- og du finn den ved å klikke på denne lenka. For å gi appen i julegave: Søk opp Mestre i appstore, trykk på deleknappen øverst til høyre, velg gi som gave og følg instruksjonen.

Mestre inneheld nyttig kunnskap om kropp og sinn – og ikkje minst 23 fine øvingar om tema som angst, balanse, bekymring, jobbstress, konsentrasjon, meditasjon natur, panikkangst, rive seg laus frå bekymring, smerte, sorg, søvn, stressmestring, uoppfylte forventningar, utmattelse, regulere tankar, fokus, tålmodighet, depresjon og negative tankar. Med andre ord: Noko for ein kvar smak og utfordring! – Eg håper den vil glede!

Ingefær Podcast

Dyktige Sara Lossius som står bak podkasten Ingefær skriv og snakkar varmt om appen Mestre:


Ingefær er den største helse- og livsstilspodkasten i Norge, og Sara er kjent for sine kloke og nære samtalar med mennesker som ho syns er spennande. Eg har lytta til mange av dei 120 episodane – og lærer støtt og stadig noko nytt! Sara og eg møtte kvarandre tidlegare i haust under eit foredrag om Mestre i Oslo.

saralossius.no skriv Sara at ho har som vane å lytte til Mestre når ho tar båten til eller frå byen:

– Disse minuttene har jeg begynt å glede meg til, det blir en deilig pause i hverdagen som jeg blir roligere av, fortel ho før ho avsluttar med ei lita anbefaling:

– Hva med å gi Mestre til en venn? Da gir du noe som varer, som er nyttig, som kan brukes og som er miljøvennlig. Søk opp Mestre i appstore, trykk på deleknappen øverst til høyre, velg gi som gave og følg instruksjonen. Jeg er sikker på at det er en gave som virkelig blir satt pris på! (Jon fikk i høstgave fra meg tidligere i år!)

Les meir om Mestre: stressmestre.no
Les meir om Sara og Ingefær: saralossius.no

COSTUME + KAMILLE

Mestre får denne månaden finfin omtale i både Costume og Kamille:

I magasinet Costume står det:
– Lær deg å senke tempoet og finne roen i hverdagen ved hjelp av mobil-applikasjonen Mestre, som er et stressmestringsprogram utviklet av foredragsholder Hanne Suorza og psykiater Bjarte Stubhaug. Applikasjonen består av en rekke øvelser som skal veilede deg til å få en dypere pust og gradvis koble av fra hverdagens stress, bekymringer og tankekaos – på kun ti minutter. Prøv, og kroppen din vil takke deg!

Om appen MESTRE på NRK P2

Programmet Verdibørsen på NRK P2 har denne veka eit innslag på 17 minutt om mestring og appen MESTRE:

. Journalist Karen Frivik spør: Vi stresser oss til tomhet. Kan ein app hjelpe?
Klikk på bildet for å lytte til innslaget!

Foredrag om app og stressmestring i Oslo

For ei fin veke det har vore!

Alle foto: Hilde Kvivik Kavli

I går heldt vi i MESTRE eit foredrag på Losæter i Oslo.

Tema var app og stressmestring.
Saman med dr. med Bjarte Stubhaug delte eg av kunnskap og erfaringar.

Som du kanskje har lagt merke til, er Mestre no oppdatert med nytt innhald. I tillegg til introduksjon i mindfulness, film og lyd, intervju og foredrag om kropp og sinn – så finn du no heile 23 øvingar i appen. Blant tema er angst, balanse, bekymring, jobbstress, konsentrasjon, meditasjon natur, panikkangst, regulere tankar, smerte, sorg, søvn, utmattelse, depresjon, fokus og tålmodighet. Hugs også at du kan swipe til høgre når du er inne i kategorien for øvelser. Der finn du fem øvingar som ikkje handlar om spesifikke tema.

Forhåpentligvis finn du mykje interessant kunnskap og inspirasjon om tema som er nyttig for akkurat deg!

Vi er glade for fine tilbakemeldingar. Det er kjekt å høyre at unge og gamle, frå nord til sør, har nytte av Mestre!

Du kan laste ned appen MESTRE her.

God helg!

TV2 – intervju

God Morgen Norge:



Klikk på bildet for å sjå innslaget på TV2.
Eg er glad og fornøgd med dette. Kjekt å få sette fokus på eit viktig tema!

TV2 – God Morgen Norge

Oslo:

Hei!
I morgon tidleg er eg gjest hos God Morgen Norge på TV2. Saman med lege Michael de Vibe vil eg snakke om stressmestring og mindfulness. Live on air ca kl 0740.

Ellers er eg no tilbake i full jobb etter ein herleg sommar – og ikkje minst etter ein fin og lang mammapermisjon. Eg har holdt ein del kurs langs med, mest for bedrifter og skular. Sist fredag for ei gruppe på ca 120 personar. Kjekt!
Ta gjerne kontakt om du er interessert i kurs, enten du er privatperson eller interessert på vegne av din arbeidsplass. Klikk her for å lese kva tidlegare deltakarar seier om kursa. Meir informasjon om innhaldet finn du her.

Du når meg også på hanne@stressmestre.no/ tlf 90124095/ instagram: hannesuorza

Ps: Har du sjekka ut appen Mestre? Den kan du også høyre meir om i morgon tidleg på TV2!