Foredrag om app og stressmestring i Oslo

For ei fin veke det har vore!

Alle foto: Hilde Kvivik Kavli

I går heldt vi i MESTRE eit foredrag på Losæter i Oslo.

Tema var app og stressmestring.
Saman med dr. med Bjarte Stubhaug delte eg av kunnskap og erfaringar.

Som du kanskje har lagt merke til, er Mestre no oppdatert med nytt innhald. I tillegg til introduksjon i mindfulness, film og lyd, intervju og foredrag om kropp og sinn – så finn du no heile 23 øvingar i appen. Blant tema er angst, balanse, bekymring, jobbstress, konsentrasjon, meditasjon natur, panikkangst, regulere tankar, smerte, sorg, søvn, utmattelse, depresjon, fokus og tålmodighet. Hugs også at du kan swipe til høgre når du er inne i kategorien for øvelser. Der finn du fem øvingar som ikkje handlar om spesifikke tema.

Forhåpentligvis finn du mykje interessant kunnskap og inspirasjon om tema som er nyttig for akkurat deg!

Vi er glade for fine tilbakemeldingar. Det er kjekt å høyre at unge og gamle, frå nord til sør, har nytte av Mestre!

Du kan laste ned appen MESTRE her.

God helg!

TV2 – intervju

God Morgen Norge:



Klikk på bildet for å sjå innslaget på TV2.
Eg er glad og fornøgd med dette. Kjekt å få sette fokus på eit viktig tema!

TV2 – God Morgen Norge

Oslo:

Hei!
I morgon tidleg er eg gjest hos God Morgen Norge på TV2. Saman med lege Michael de Vibe vil eg snakke om stressmestring og mindfulness. Live on air ca kl 0740.

Ellers er eg no tilbake i full jobb etter ein herleg sommar – og ikkje minst etter ein fin og lang mammapermisjon. Eg har holdt ein del kurs langs med, mest for bedrifter og skular. Sist fredag for ei gruppe på ca 120 personar. Kjekt!
Ta gjerne kontakt om du er interessert i kurs, enten du er privatperson eller interessert på vegne av din arbeidsplass. Klikk her for å lese kva tidlegare deltakarar seier om kursa. Meir informasjon om innhaldet finn du her.

Du når meg også på hanne@stressmestre.no/ tlf 90124095/ instagram: hannesuorza

Ps: Har du sjekka ut appen Mestre? Den kan du også høyre meir om i morgon tidleg på TV2!

 

 

VG

Intervju på vg.no – om mindfulness for småbarnsforeldre:

Heile saka kan du lese her. (Du må ha +abonnement eller vere medlem av VG-familieklubben for å lese alt.)

Professor i psykologi, Per Einar Binder, seier mellom anna at “Å være oppmerksomt til stede er viktig både i småbarnsforeldrelivets kaotiske og koselige øyeblikk”

Eg deler tips og erfaringar som mamma, app-skapar og kurshaldar. Her er eit lite utdrag:

Starter med pusten
Hanne Suorza er mindfulness-coach og mor til Johan (9 måneder). Hun starter hver dag med en pustemeditasjon. Fokus på pust står i det hele tatt sentralt i mindfulness.

– Jeg er oppmerksom på pusten veldig mange ganger i løpet av dagen. Et øyeblikk her og et øyeblikk der. Mens jeg leker, mens jeg går på trilletur. Slik lager jeg meg små pauser. Ute i naturen øver jeg på å lytte og se landskapet rundt meg. Bruker sansene mine. Enkelt, men ikke alltid lett. Mindfulness har for meg blitt en måte å leve og tenke på, sier Suorza.

Men når hverdagen er hektisk er det mange som ikke vet hvordan de skal få tid til mindfulness. Først og fremst må man bestemme seg, sier hun. Og så må man sette av tid til mindfulness-trening.

– Hva er tidstyvene dine? Kanskje kan du droppe en time på Instagram eller foran TVen etter at barna har lagt seg? Kanskje kan du stå opp 10 minutter før? Etter hvert har du laget en god vane. Da vil du også utføre hverdagslige oppgaver med større oppmerksomhet og tilstedeværelse, sier Hanne Suorza, som har vært med på å lage appen MESTRE med pustemeditasjoner og øvelser om tema som søvn, bekymring og konsentrasjon.

Klikk her for å lese meir.

Mamma med mindfulness

For ni månader sidan blei eg mamma for første gang. Etter å ha meditert og halde mindfulnesskurs i fleire år, har denne opplevinga gitt meg mange nye aha-opplevingar. Eg lærer mykje av lille Johan.

Det å bli mamma er ei stor livsendring. Over natta skal du ta vare på ein baby 24/7, tilpasse deg familieliv og mindre søvn, mindre fritid. Eg har fått mange spørsmål frå andre mødrer: – No finn du vel ikkje tid til meditasjon, seier dei. Men alle augeblikk er egna til mindfulness. Alle augeblikk kan få meir merksemd. Du må berre vite korleis du kjem i gang. Og ikkje minst: Bestemme deg for å gjere det!

Å gå gravid og bli mamma er ei unik tid til å begynne å praktisere mindfulness. Mindfulness handlar om å vere til stades her og no – gjennom kropp, pust og sansar. Det å bli mamma; å sjå korleis Johan som nyfødt brukte sansane sine har vore ei spesiell aha-oppleving for meg. Frå første augeblikk då han snusa og smakte på puppen, var sansane i bruk. Det var som han rulla ansiktet sitt i mjølk. På tur i skogen ligg han i vogna med store auge. Han opplever snø og frost, sol og sludd for første gang, utan å dømme det som fint eller stygt, bra eller dårleg. No vil han gjerne ta på alt. Først stryke, så skrape, så klype. Med den største nysgjerrigheit og begeistring smakar, luktar og lyttar han. I dag oppdaga han sola som kasta skuggar på kjøkkenveggen. Vi smilte begge to.

Sansane er lett tilgjengelege for oss alle. Dei er til og med medfødt. Etterkvart blir vi ”gode” tenkarar. Men kva skjer eigentleg med sansane på vegen? Dei som gjer at vi kan vere her og no, og ikkje så opptatt med bekymring og grubling?

Som mindfulness-coach har eg no fletta inn nye erfaringar i kursa eg held, og opplever at mindfulness fangar interessa hos mange foreldre. Eg oppfordrar dei til å vere oppmerksame på lydbildet. Kjenne pusten. Leve meir sanseleg.

Her er nokre av mine mindfulness-erfaringar og tips:

  • Observer barnet. Sjå på bein, armar, ansikt, hud og hår. Lukt, sjå og stryk.
  • Start alltid dagen med å kjenne pusten din. Sjølv med ein aktiv krabat ved sidan av deg finn du tid til det, om du vil. Å kjenne pusten set av tonen for resten av dagen, og blir snart ein fin vane.
  • Ver til stades når du ammar. Legg vekk telefonen, TV, instagram og snapchat. (Sjølvsagt? Nei, eg har sett mange med ein fascinerande amme-teknikk der telefonen og blikket er plassert i eine handa…!)
  • Gå tur. Kjenn beina dine, legg merke til omgjevnadane… og den lille i vogna.
  • Registrer dine eigne kjensler. At du kan vere både frustrert, glad og utolmodig. Pust. Aksepter. Ha ei venleg haldning ovanfor deg sjølv og den lille.

Eg opplever at dette gir ro. At det er nyttig. Og at det er enkelt, men ikkje alltid lett.

Hjelp på vegen finn du i appen Mestre. Den har eg utvikla i samarbeid med psykiater Bjarte Stubhaug. Mestre inneheld pustemeditasjonar på 5- 30 minutt, samt mange gode øvingar om tema som balanse, jobbstress, bekymring, forventningar, angst og søvn. Du får også nyttige foredrag, film og lyd. Mestre er meir som ei bok i appform. Den er fin og nyttig for deg som ønsker å lære og praktisere mindfulness, med eller utan barn. Sjå meir på stressmestre.no.

Lykke til!

NY APP: MESTRE

I samarbeid med dr. med. Bjarte Stubhaug har eg utvikla ein ny app om stressmestring og mindfulness:

Du kan sjå utdrag og lese meir på stressmestre.no!

MESTRE inneheld lærerike foredrag, nyttige øvingar, intervju og inspirasjon, slik at du kan jobbe med utfordringar på din eigen måte. Når og der du vil. Det vil kunne gi deg ny kunnskap om kropp og sinn, meir ro og konsentrasjon, samt styrke evna til å handtere stressande ubehag, uro, smerter eller tankar.

Eg er sjølvsagt veldig glad for dette, og håper at appen blir nyttig for deg!

MESTRE finn du også på Facebook
Del gjerne!