Dagens tema @TV2: jul, stress, nettbruk og tilstedeværelse.

– Det er sunt. Det er bra for helsa å ikkje vere ”på” heile tida, sa eg. Og i jula skal eg logge av. Om ikkje kvar dag, så i alle fall ha eit svært bevisst forhold til telefon og skrolling. Er du med?

Tilstedeværelse kan vi øve på. Det kan vi gjere ved å vere oppmerksom på det som er her og no. Pusten, kroppen, tankane, sansane. På spørsmål om å dele tips og råd, svarte eg:

– Sjå deg rundt. Bestem deg for å lytte til dei du er saman med. Smake litt ekstra på juleribba, ta inn lukta av jul. Leik litt lengre med barna. Øv på å sleppe tak i i bekymring, jobb… eller dragning til å sjekke telefonen.

Fokus og det å logge på/  logge av – er også tema i appen Mestre, som eg har utvikla i samarbeid med psykiater Bjarte Stubhaug. Der finn du nyttig kunnskap og mange gode øvingar som er glimrande å lytte til no i jula. Dei går spesifikt på tema som konsentrasjon, forventningstress, jobbstress, sorg, angst og søvn… 23 øvingar til saman har det blitt! Tilstedeværelse og mindfulness er ein rød tråd i Mestre!

Les meir om Mestre her
Klikk på denne lenka for å sjå dagens intervju
Eg er på Instagram her

Og med dette ønsker eg deg ei riktig god jul!

Alt godt,
Hanne