NRK- Ny blogg
NRK – ny blogg
I byparken i Ålesund sammen med fotograf Brede Røsjø.
I byparken i Ålesund sammen med fotograf Brede Røsjø.
For ei fin veke det har vore – igår heldt vi i Mestre eit foredrag på Losæter i Oslo.
Som du kanskje har lagt merke til, er Mestre no oppdatert med nytt innhald. I tillegg til introduksjon i mindfulness, film og lyd, intervju og foredrag om kropp og sinn – så finn du no heile 24 øvingar i appen. Blant tema er angst, balanse, bekymring, jobbstress, konsentrasjon, meditasjon natur, panikkangst, regulere tankar, smerte, sorg, søvn, utmattelse, depresjon, fokus og tålmodighet. Forhåpentligvis finn du mykje interessant kunnskap og inspirasjon om tema som er nyttig for akkurat deg! Vi er glade for fine tilbakemeldingar. Det er kjekt å høyre at unge og gamle, frå nord til sør, har nytte av Mestre.
Dagens tema @TV2: jul, stress, nettbruk og tilstedeværelse.
– Det er sunt. Det er bra for helsa å ikkje vere ”på” heile tida, sa eg. Og i jula skal eg logge av. Om ikkje kvar dag, så i alle fall ha eit svært bevisst forhold til telefon og skrolling. Er du med?
Tilstedeværelse kan vi øve på. Det kan vi gjere ved å vere oppmerksom på det som er her og no. Pusten, kroppen, tankane, sansane. På spørsmål om å dele tips og råd, svarte eg:
– Sjå deg rundt. Bestem deg for å lytte til dei du er saman med. Smake litt ekstra på juleribba, ta inn lukta av jul. Leik litt lengre med barna. Øv på å sleppe tak i i bekymring, jobb… eller dragning til å sjekke telefonen.
Fokus og det å logge på/ logge av – er også tema i appen Mestre, som eg har utvikla i samarbeid med psykiater Bjarte Stubhaug. Der finn du nyttig kunnskap og mange gode øvingar som er glimrande å lytte til no i jula. Dei går spesifikt på tema som konsentrasjon, forventningstress, jobbstress, sorg, angst og søvn… 23 øvingar til saman har det blitt! Tilstedeværelse og mindfulness er ein rød tråd i Mestre!
Les meir om Mestre her
Klikk på denne lenka for å sjå dagens intervju
Eg er på Instagram her
Og med dette ønsker eg deg ei riktig god jul!
Alt godt,
Hanne
♥
God Morgen Norge:

Klikk på bildet for å sjå innslaget på TV2.
Eg er glad og fornøgd med dette. Kjekt å få sette fokus på eit viktig tema!
♥